onsdag 6. april 2011

Farger sine ord.

Sjølv om eg frys
treng du ikkje breie 
teppet kring meg
Kulda mi kjem innanfrå
og berre gleda
kan gje meg varmen att.

Sjølv om eg gret 
treng du ikkje gje meg tørklet
Tårene som kjem frå meg 
er ikkje salte eller våte
dei renn berre på innsida.

Sjølv om eg ikkje kan sjå
treng du ikkje tenne ljoset
Mørket mitt er eit anna
enn det natta syner.
Eg må finne ljoset i meg sjølv.

Sjølv om eg skrik deg vekk
må du ikkje gå i frå meg
Det er nett no eg treng deg mest.



-Farger 2007-

3 kommentarer: